Hødd var klart best, men 2-0-leiinga etter 1. omgang burde ha vore mykje større. Då gjestane fekk ei skoring i 2. omgang vart kampen mykje meir spennande enn han lenge hadde vore. Hødd sine mål vart skora av Andrea Sævik og Caroline Overvåg. Sidan det var avslutningsdag for Hødd-akademiet og talentleiren denne dagen var det over 200 tilskodarar på tribuna. I ein annan kamp i divisjonen denne helga har Træff og Tynset spelt 1-1. Orkla toppar serien med 26 poeng. Hødd har 22, KIL/Hemne 19, Ranheim 18 og Tynset 16. Ranheim har ein kamp til gode. Hødd skal til Trøndelag og møte Orkla og Tynset komande helg. Det blir ei uhyre viktig helg med tanke på utviklinga i teten. * I to 6.-divisjonskampar i helga vart resultata slik: Flø-Bergsøy2 8-3, Hjørungavåg-Volda2 1-5.