Sunnmøre Fotballkrets har bestemt at 6.-divisjon skal ha ei søre-avdeling med 10 lag og ei nøre-avdeling med 8 lag.

I tillegg til Kvamsøy/ÅVK2 skal Moltu/Gjerdsvika, LGFK2, Tjørvåg, Flø, Haddal, Hareid2, Sunnylven, Sæbø og Åmdal spele i søre-avdelinga.

Synste Møre skriv at Åram/VanKam i utgangspunktet ville ha eit samarbeid med 5.-divisjonslaget Åheim, men sidan Kvamsøy hadde vanskar med å stille på beina eit eige lag, vart samarbeid med dei ei god løysing.