Eirik Ulland Andersen kom til Hødd frå SK Vard Haugesund hausten 2013, og har sidan den gong vore ein sentral nøkkelspelar på laget. Fjorårets sesong fekk derimot ein brå slutt då han brakk foten under ein kamp mot Nest-Sotra i august i fjor.
– Eg husker at eg er på veg mot corner-flagget. Situasjonen er eigentleg heilt ufarleg, og så kjem det ei takling inn frå sida som overraskar meg, fortel Andersen.
I neste augneblink ligg han på bakken og kjenner smertene. Han trur først det er eit overtrakk, men ser raskt at skaden er mykje verre enn det.
– Eg lyfta opp foten og merka at den berre hang der og dingla.
Vil du lese meir om Eirik Ulland Andersen?
Ulsteinviking - i med og motgang er ein serie om Hødd i seks delar. Der følgjer ein spelarar, trenarar, frivillige og supportarar i tida før seriestart 2015. Det er Ane Mørk, Siri Husby Fiskum, Gunhild Kjeilen Kallvig og Silje Steinnes Bjerknes frå Høgskulen i Volda som står bak serien.
Les om Eirik Ulland Andersen og vegen tilbake på Nernett.
Sjå første episode: - Hødd er ein livsstil
På Vikebladet.no blir det presentert ei episode frå serien kvar dag inn mot seriestart.