Det var håp om både fotballfest og tre poeng då Rollon kom til Hareid for heimelaget sin første seriekamp på Hareidsmyrane stadion denne sesongen, men Stig Monsen sine gamle elevar øydela for Hareid sine sjansar til å stå med seks poeng etter to kampar.

Bortelaget vann fortent og med tre scoringar i den andre omgangen sørga Rollon for at årets første heimesiger måtte utsetjast.

Manglar poeng

Torsdag er det eit av dei nyopprykka laga som skal vise seg fram mot Hareid. Vartdal tok andreplassen bak Vigra i 5.-divisjon, men har så langt fått eit tøft møte med fotballen i 4.-divisjon.

Faktisk er det berre Vigra og Vartdal som står med to tap etter to serierundar. Først tapte Vartdal 4–1 for Norborg, før det vart eit 1–0 tap mot Langevåg.

Vartdal spelar faktisk sin tredje bortekamp på rad, og det er ikkje venta at laget skal få det noko enklare mot eit Hareidlag som truleg er svært lystne på å vise heimepublikum at dei kan betre enn prestasjonen mot Rollon.

Stort sett skadefri tropp

Med godt vårvêr i vente håpar også klubben på å få med endå fleire tilskodarar enn dei 97 som tok turen til Hareidsmyrane sist torsdag.

Dei to laga møttest til treningskamp i oppkøyringa, og då var det liten tvil om kven som skulle stikke av med sigeren.

Eiliv-Tore Howlid fekk vår bestemannspris då Hareid slo Vartdal 4–0 i februar og når dei to laga skal kjempe om tre poeng er det venta at han skal vere klar for spel igjen. Han skal ifølgje Hareidil.no også få pokal for å ha spelt 300 kampar for klubben.

Lars Roar Holstad og keeper Fredrik Lonbakken skal ikkje vere aktuelle for Hareid, men elles skal troppen vere stort sett skadefri.

Det vil seie at Monsen og co. kan mønstre eit sterkt mannskap, som bør ha gode sjansar til å sikre sesongens første heimesiger.