Årets andre norgescup vart arrangert i Bergen 31. mai og 1. juni. Heile 190 jenter og 70 gutar var samla i Slettebakk-hallen i Bergen. Alle dei store turnklubbane stilte med gymnastar.

* Edel Charlotte Eiken Fosse stilte i klasse rekrutt 12 år. Edel Charlotte har hatt stor framgang og ei god oppkjøring mot vårens siste turnkonkurranse. Ho turna ei solid konkurranse i helga og enda på sterke 52.5 poeng i 4-kampen. Dette er karrierebeste og ho vann bronsemedalje i ei klasse kor det var heile 57 deltakarar. Ho var fattige 1.1 poeng bak vinnaren og 0.3 poeng bak sølvplassen. Edel Charlotte fekk med dette 4 av 4 mogelege pallplasseringar denne våren i nasjonale/internasjonale konkurransar.

* Edel Charlotte turna til poengsum 13.0 poeng i hopp med pikert thsukahara, noko som er karrierebeste i norgescupen og ho hadde høgaste D-karakter (vanskegrad) i si klasse. Dette gav ho  2.-plass i dette apparatet. Også i frittståandeøvinga si turna Edel Charlotte veldig bra til 13.7 poeng og gjorde også her karrierebeste i nasjonalt stemne. I skranke turna Edel Charlotte noko under det ho er god for. Edel Charlotte var uheldig i innturninga på bom og skada seg. Ho fullførte konkurransen, men med fekk tre fall i bom og missa i dette apparatet mogelegheita til å vinne sin klasse. Ho kunne klart seg med to fall ettersom ho også her har høgaste vanskegrad av gymnastane i sin klasse.

* I slutten av månaden deltek Edel Charlotte på rekruttlandslagsamling i Oslo før ho i midten av juli reiser på tovekers internasjonal turnsamling i Italia som ein av to turnarar frå Norge.

* I klasse 1 (13-14 år) deltok Sofie Fylsvik og Thale Veddegjerde. Både Sofie og Thale gjorde ei fin frittståandeving utan fall. Med litt auka vanskegrad vil dei klatre på resultatlista. I skranke har dei begge nye øvingar som dei må bli tryggare i for å få betre karakter.

* Hødd sine gymnastar har no ei god treningsperiode på om lag 3.5 månad fram til konkurransestart i slutten av september. Då startar konkurransesesongen med NM Senior på Stord for dei eldste og regionkonkurranse i Kristiansund og norgescupkonkuranse i Asker.  For rekruttar i 11- og 12- årsklassen vert høgdepunktet nasjonal rekruttkonkurranse i Oslo siste helga i oktober. Konkurransen er å betrakte som eit uoffisielt norgesmeisterskap for 11- og 12-åringar. Konkurransesesongen vert avslutta på Elverum med Norgescupfinale og Norgesfinalar i midten av november.