- Det gjekk vegen dette her! Det var eit utruleg løp, fortel trenar Arve Hatløy på telefon frå Amsterdam.

Han har nettopp sett hans mangeårige elev Karsten Warholm levere sitt livs løp under semifinalene på 400 meter hekk under EM i Amsterdam, der han ikkje berre kvalifiserte seg til finale, men smadra sin eigen norske rekord og samstundes kvalifiserte seg til OL i Rio de Janeiro.

- Vi hadde håp om at han kunne klare å pynte på "persen" sin, men at han skulle knuse den slik som han gjorde no det var langt over det vi hadde venta, fortel Hatløy.

Han seier at ein ikkje ønskjer å fokusere så mykje på at Warholm også skal representere Norge under OL, men at ein no har alt fokus inn mot den komande EM-finalen som går fredag kveld.

Les også: OL-klar med supertid

Med nest-beste tid av alle i semifinalene er Warholm plutseleg ein medaljekandidat i morgondagens finale, men då må alt klaffe. Igjen.

- Klarar han å kopiere det han gjorde i dag og han får like gode forhold, så er det mogleg, men det skal løpast også. Vi veit heller ikkje kor mykje dei andre heldt att. I utgangspunktet var han jo langt frå nokon favoritt i heatet sitt, men han overgjekk seg sjølv.

Kva skal til for at han kan levere noko liknande i morgon?

- No må vi få han ut frå presseområdet, og så må han gjennom ein dopingkontroll sidan han sette norsk rekord, men så startar restitueringa og lade skikkeleg opp til i morgon kveld.

Noko av det mest imponerande med Warholm sin prestasjon er at han først starta satsinga på 400 meter hekk denne sesongen. Og no er han klar for EM-finale.

- Det er absolutt godkjent! slår Hatløy fast.