Elverum har framleis til gode å gje frå seg poeng i PostNord-ligaen avdeling 2 denne sesongen. Meir imponerande er det kanskje at laget faktisk også til gode å sleppe inn mål etter dei seks første seriekampane. Dermed står laget med imponerande 22-0 i målskilnad og 18 poeng etter seks kampar.
Laurdag vart Byåsen slått heile 7-0 heime på Elverum stadion. Ulsteinvikaren Robin Hjelmeseth opna det heile med si 1-0 scoring etter ni minutt. Elverum gjekk til pause med tremålsleiing, og etter 50 minutt var Hjelmeseth igjen på rett stad, då han sette inn 4-0.
Ytterlegare tre scoringar sikra ein imponerande heimesiger.
Med sine seks scoringar er Robin Hjelmeseth delt toppscorar i avdelinga.