Den siste tida har Karsten Warholm skapt store overskrifter både lokalt og nasjonalt med sine fantastiske prestasjonar under EM i Amsterdam, og snart skal ein ny Dimna-utøvar i sving under eit stort internasjonalt meisterskap.

Les også: OL-klar med superløp

Frå 19. til 24. juli blir U20-VM i friidrett arrangert i Bydgoszcz og der er Toralv Opsal ein av utøvarane i den norske troppen.

Mangekjemparen kvalifiserte seg til VM gjennom å ta 7357 poeng under mangekamp-NM i Nittedal tidlegare i år.

Opsal har den 13. beste poengsummen i U20-tikamp så langt i år.

Dimna IL er også representerte i støtteapparatet, der Arve Hatløy er med som trenar for mangekamputøvarane.

Heile troppen:

Jenter:

Helene Rønningen, Tyrving, 100m, 200m – Stephan Johansson, Hans Rune Rønningen

Vilde Aasmo, Sandnes, 100m – Anne Brit Sandberg

Amalie Sæten, Kristiansand, 800m – Finn Kollstad

Kristi Strømmen Kjerpeset, Florø, 100m hekk – Tone Strømmen Kjerpeset, Thor Kjerpeset

Beatrice Nedberge Llano, Laksevåg, slegge – Harald Heier, Jørund Årdal

Stella Weinberg, Kristiansand, spyd – Egil Thune

Amanda Marie Grefstad Frøynes, Sem, sjukamp – Monica Grefstad Frøynes, Ståle Jan Frøynes

Gutter:

Mathias Hove Johansen, Skjalg, 200m  -  Victor Øvregaard

Markus Einan, Ull/Kisa, 800m – Hans Jørgen Borgen

Jakob Ingebrigtsen, Sandnes, 1500m – Gjert Ingebrigtsen

Joakim Sødal, Kyrksæterøra, 10000m -

Thomas Byrkjeland, Tjalve, 3000m hinder – Knut Kvalheim, Eirik Førde

Marcus Thomsen, Tjalve, kule – Simon Stewart

Thomas Mardal, Sandane, diskos – Ole Morten Mardal

Toralv Opsal, Dimna, tikamp – Arve Hatløy, Eivind Stavang, Geir Røssvoll

Støtteapparat:

Stephan Johansson, trenar sprint/hekk

Eirik Førde, trenar distanse

Thomas Rosvold, trenar kast

Simon Stewart, trenar kast

Arve Hatløy, trenar mangekamp

Angelita Eriksen, fysioterapeut

Christian Faye-Schjøll, fysioterapeut

Ståle Jan Frøynes, hovudleiar

Ragnfrid Llano, administrativt og styrets representant