Grunna sine prestasjonar denne sesongen var Edel Charlotte Eiken Fosse ei av fire norske jenter som var plukka ut til å representere Team Alfa Factor under den internasjonale invitasjonsturneringa Hamburg Gymnastics StarCup i Tyskland. Der deltok lag frå 14 europeiske nasjonar, samt to all-starlag frå USA.

Trenar Vidar Fosse fortel at Edel Charlotte Eiken Fosse starta kvalifiseringsrunda i frittståande og leverte ein fantastisk prestasjon som vart belønna med 12,5 poeng, og det beste ho har gjort i denne øvinga.

- Også i skranke turna ho ei svært god øving, og fekk 11,75 poeng, og ei forbetring på nesten eit poeng i forhold til kva ho har turna tidlegare, fortel Fosse.

Han seier at den unge gymnasten turna utan fall i bom, men at ho her hadde litt å forbetre på stil og gjennomføring.

Det norske laget enda med å forbetre sluttsummen sin med fem poeng samanlikna med fjoråret, i ei konkurranse der nivået var klart høgare enn tidlegare. Vidar Fosse fortel at det mellom anna var med fleire utøvarar som deltok under OL i Rio de Janeiro. Det norske laget enda på ein 11. plass av 24 lag etter kvalifiseringa, og gjekk dermed vidare til hovedrunden.

Enda på åttandeplass

I hovedrunden turna Edel Charlotte Eiken Fosse i frittståande, skranke og bom, og laget leverte ein flott innsats som til slutt enda med ein åttandeplass.

- Alt i alt var dette ei kjempehelg og eit fantastisk resultat for det norske teamet med Edel Charlotte på laget. Resultata frå Hamburg lovar godt for henne før ho går inn i sitt siste år som juniorturnar, seier Vidar Fosse.

Han meiner både gymnastar, dommarar og trenarar som fulgte det norske laget vil site att med svært positive opplevingar frå konkurransen i Tyskland.

- Det var flott turn, proft arrangement med tysk presisjon, eit engasjert publikum og turnshow i alle pauser, fortel Vidar Fosse.

Mykje å sjå fram til

For Edel Charlotte Eiken Fosse blir det no ei periode med inntrening av nye element i alle dei fire apparata, før sin siste juniorsesong. Der er målet å kvalifisere seg til Nord-Europeisk meisterskap hausten 2017, samt til Nordisk Meisterskap som blir arrangert i Oslo.

<strong>Frittståande:</strong> Edel Charlotte Eiken Fosse under avslutninga av si frittståandeøving. Ho leverte karrierebeste både i skranke og frittståande i Hamburg.