- I dag er vi gode kampen gjennom. Vi tek tak frå start, og er i tillegg godt budde, seier trenar Sindre Eid etter å ha sett Hødd knuse Kristiansund BK med 4-0 på bortebane.

Eid legg til at kombinasjonen mål før pause, og utvisning etter at dommar hadde blese av gjer andreomgangen lettare, men trenaren meiner Hødd ville hatt gode sjansar til å vinne også om begge laga hadde 11 mann på banen.

- Ein veit jo ikkje kva som ville skjedd, men vi er best også med 11 mot 11.

Byggjer nytt lag

Etter ein varierande start på sesongen, og med litt for mange poengtap på heimebane er det klart at Hødd ender på ein 8.-plass i 1.-divisjon denne sesongen.

- Vi har arbeidd godt heile sesongen, men vi er i ferd med å bygge eit nytt og godt lag. Det har teke litt tid å få sett laget, og resultata heime har ikkje vore gode nok. No ønskjer vi å avslutte sesongen med ein skikkeleg god kamp på Høddvoll, seier Eid som meiner det har vore ein sesong med både opp- og nedtuarar for Hødd.

Håpar på å behalde Shroot

Bryne gjekk på ein smell i sin nest siste kamp denne sesongen, og på spørsmål om jærbuane blir påført nok ein smell neste helg seier Eid:

- Vi skal avslutte med ein kjempekamp. Gamle, ærverdige Høddvoll fortener det.

Trenaren fekk sjå at Hødd sin toppscorar, Robin Shroot, scora sine 14., 15., og 16. mål for sesongen. Briten er ein av spelarane som har utgåande kontrakt i Hødd, men klubben har eit sterkt ønskje om å ha Shroot med vidare.

- Han er ein veldig god målscorar. Vi gjer alt vi kan for å behalde han i klubben. Det er ikkje noko nytt akkurat no, men vi er i kontinuerleg dialog, fortel Eid.