Pål André Helland fekk sin landslagsdebut i futsal då Norge møtte Danmark i Bodø onsdag. Den ferske Hødd-norgesmeisteren markerte seg sterkt og scora to av måla i den solide 8-3-sigeren.
- Eg er veldig nøgd. To mål er artig å ha med seg vidare, både for meg og laget. Det var ein artig kamp, der vi vart klart best i alle spelets fasar. Vi meistra eit høgare tempo og var betre trena enn dei, sa Helland til TV 2 Sumo etter kampslutt.
Fredag skal han og Norge møte England. Også den kampen går i Bodø spektrum.
Les også:* Fotball.no om kampen* VG om kampen* Helland på landslaget