Midtbanespelaren Fredrik Aursnes (16) stod over Hødd-treninga onsdag grunna spysjuka. Dette var den tredje siste treninga før søndagens cupfinale.

- Fredrik er liten og lett. Han kan fort bli frisk igjen,seier Lars Arne Nilsen til Vikebladet Vestposten.

Som no kryssar alt han har av fingrar for at Hødd-leiren skal unngå å bli råka av fleire sjukdomstilfelle.

- Magevirus er noko som går om dagen. Eg er litt bekymra,men eg håper vi slepp slike sjukdomstilfelle. Vi har relativt få skadar istallen. Berre Kazeem (Ahmed) er uaktuell. Men om noko skulle skje er enkeltevanskelegare å erstatte enn andre, meiner Hødd-trenaren.

- Har du ein 11-ar i hovudet?

- Eg har alltid ein 11-aren i hovudet. Til og med påjulaftan. Men 11-aren eg tenkjer på kan variere. Dersom Fredrik er ute må vitenke litt.

PS. Fredrik sjølv reknar med å vere tilbake på trening om ikkje altfor lenge.

Les også:

* Desse må stoppe toppscoraren

* Tidenes satsing av Vikebladet Vestposten

* Arne er klar