Tilstrøyminga til cupen førte til eit stramt tidsskjema og nesten 70 kampar vart gjennomført første dagen utan forseinkingar, alvorlege hendingar eller andre uhell.

I den nyoppretta jenteklassen for ungdom var det Goldplay som stakk av med sigeren etter å ha vunne 1-0 mot Smårips i ein jamn finale. I guteklassen for ungdom var det eit Volda-baserte lag som gjekk heile vegen. Superstars FC vann 3-1 mot Victorious Secret i finalen.

I dameklassen var det "Carro e?" som vann finalen mot Las Locas. Mellom to gode lag var det nok erfaringa som var forskjellen då "Carro e?" vann finalen for tredje år på rad. Resultatet vart 5-3.

I herreklassen tok Algeria Do Povo seg til finalen for tredje år på rad. Hareid-keeper Vagn Scheide Mork jakta sin første Grendacup-triumf sidan 1994. Dei møtte "Familieselskap" i finala. Dette laget besto av brødrene Eirik og Vegard Heltne og syskjenborna deira, brødrene Asgeir, Georg og Fredrik Aursnes. I tillegg hadde dei med seg Geir Holm Sundgot, som er broren til sambuaren til Asgeir Aursnes.

Sjølv om om Alegria do Povo kom best i gong med 1-0-scoring etter 3 minutt, slo Familieselskap sterkt tilbake med tre mål av Fredrik Aursnes. Kampen enda til slutt 4-1.

Mange prisar

Yngstebror Aursnes vart også kåra til beste spelar i herreklassen. I Dameklassen gjekk denne prisen til Ragnhild Ertesvåg (Las Locas). I Ungdomsklassene vart Martin Ove Roseth (Superstars FC) beste gut, medan Emilie Slyngstad (Goldplay) vart beste jente.

I herreklassen skjedde det i år eit troneskifte når det galdt antal scoringar gjennom tidene. Morten Moldskred låg før cupstart på 111 mål gjennom tidene i Grendacupen, medan André Skotheim leia med 124 nettkjenningar. Desse målmaskinene spelte i år på same lag, og vart slegne ut av vinnarane "Familieselskap". Morten Moldskred vart likevel toppscorar med 16 mål, foran Vegard Heltne (15) og Fredrik Aursnes (12). Morten Moldskred har no 127 mål totalt og har gått forbi Skotheim, som ikkje scora i årets utgåve av Grendacupen.

I dameklassen var det i år, som i fjor, Martha Helvig (Carro e?) som vart mestscorande med 13 mål. I ungdomsklassene var det Johannes Sundgot (FC Allstars) som scora flest mål, med sine 9 nettkjenningar i guteklassen, medan Lone Gjerde (Smårips) vann toppscorarprisen i jenteklassen med 3 mål.

Det vart i år også kåra ein Fair Play-pris i alle klassene. Denne gjekk til høvesvis Bandidos (herre), No Mercy! (dame), Superstars FC (gutar) og Smårips (jenter).

Prisen for flottaste drakter gjekk til Smårips, medan Filip Andreas Moldskred vart årrets "Tribuneslitar". Årets prestasjon stod Jim Johansen, som var keeper på "Deadwood", då han scora i siste spelesekund i kvartfinalen. Årets flottaste mål gjekk til Espen Standal, som også spelte på "Deadwood". Han skaut ballen i vinkelen rett frå hjørnespark.

Hareid IL 90 år

Det vart også spelt ein oppvisningskamp mellom to yngreslag frå Hareid i høve 90-årsjubileumet til Hareid IL. I same seanesen vart det delt ut utmerkingar:

* Norgesmeistrar med Hødd frå Hareid (Ruben-Kenneth Brandal, Christian Mork, Ørjan Engen Grimstad, Fredrik Aursnes) fekk flotte spesialdesigna bilete laga av Joar Drønnesund.

* Cupgeneral K. Angelsen mottok blomster på vegner av komiteen frå Hareid IL sentralt ved Hans Gisle Holstad

* Kristian Angelsen og Einar Orten Trovåg frå Grendacup-komiteen fekk heider for å ha leia arrangementet.

* Sist men ikkje minst vart Tor Henning Andersen kåra til årets eldsjel i Hareid IL.

Carro e? vann dameklassen. F.v.: Mari Vikanes, Andrea Sævik, Synne Ryan, Martha Helvig, Trude Håkonsholm og Ingeborg Ørsal Garen. Foto: Einar Orten Trovåg
Goldplay vann ungdomsklassen for jenter. Foto: Einar Orten Trovåg
Volda-baserte Superstars FC vann ungdomsklassen for gutar. Foto: Einar Orten Trovåg