Hødd tok leiinga etter at Sondre Beite vart spelt gjennom åleine med keeper om lag midtvegs i den første omgangen.

Gleda vart derimot kortvarig, ettersom AaFK utlikna berre nokre minutt seinare.

Ifølgje smp.no scora "tangotrøyene" ytterlegare to gonger på dryge fire minutt, og gjekk til pause med ei 3-1-leiing.

Heimelaget på Color Line Stadion scora endå ein gong i 2. omgang, og vann kampen 4-1.

Hødd stilte med følgjande lag: Sivert Pieroth - Torvald Ringstad, Pål Hofset, Audun Øvrelid, Alexander Eksund, Ruben-Kenneth Brandal, Henrik Grimstad, Martin Breivik, Bendik Rise, Sondre Beite, Franjo Tepuric.

*

Andre resultat:

Arna-Bjørnar - Norborg 2-1

Sogndal II - Tertnes 3-1

Årdal - Stryn 0-2

Bergsøy - Tornado Måløy 3-3

Eid - Larsnes/Gursken 5-2

Tabellen