Isak Gabriel Skotheim har signert ny toårskontrakt med Hødd Fotball. Det går fram av ei pressemelding frå klubben torsdag.

Skotheim debuterte for Hødd allereie i 2017 og var i fjor involvert i 22 serie og cupkampar for dei blåkvite.

– Eg er veldig glad for å fortsette i Hødd og har veldig trua på Joakim og resten av trenarteamet, både med tanke på klubben sin del, men også for min sin utvikling. Det blir eit bra år på Høddvoll! Vil også takke Jesper for god dialog og samtidig glad for at han viser tillit til meg som ein lokal spelar, seier Skotheim i pressemeldinga.

Dialogen mellom partane har gått føre seg ei stund, men no er det altså klart at spelaren som blir 21 i april er med vidare. Det er både sportssjef Jesper Törnqvist og Hødd sin nye hovudtrenar, Joakim Dragsten, glade for.

– Isak hadde sin beste og mest stabile sesong i 2021 og vi er veldig glade for å fortsette utviklinga i lag. Ein spelar med X-faktor som skal gi oss mange «wow»-opplevingar på Høddvoll dei neste åra, seier sportssjefen i pressemeldinga.

Der legg Joakim Dragsten til:

– Vi er veldig godt nøgd med å ha med Isak vidare! Ein god offensiv spelar med ekte Hødd-genar, som har eit sterkt ønske om å ta nye steg som fotballspelar.