Etter kampen var det ein svært lukkeleg 18-åring som jubla saman med lagkameratane etter å ha slått Brattvåg 2–1. Midtbanejuvelen banka inn Hødd sitt andre mål etter at Brattvåg utlikna kort tid før pause.

I fjor venta han til kvalifiseringa med å score sitt første mål, medan det blei nest-siste serierunde før scoringa kom denne sesongen. Samstundes kunne han vanskeleg ha scora på eit betre tidspunkt.

– Når det ikkje kom mot Ull/Kisa så var det like greitt at det kom no. Eg har skote og skote og skote, så no var det på tide. Steik kor deilig det var, med Blåsarane og alle Hødd-supporterane på den sida. Det var heilt fantastisk!

Avslutninga av kampen såg Skeide frå benken og midtbanespelaren legg ikkje skjul på at det vart nokre svært nervøse minutt før dommaren bles av kampen.

– Eg sat der borte siste fem og det var noko av det verste eg har vore med på. Det var det nok for dei som såg det frå sidelinja. Det var utruleg spanande, men det heldt heilt inn.

Hødd hadde lenge ganske bra kontroll på Brattvåg, men mot slutten måtte ein gjere nokre endringar og klarte ikkje lenger å presse like høgt. Samstundes pressa Brattvåg på for scoring og Hødd hadde ikkje den same kontrollen som tidlegare i kampen.

– Vi blir kanskje litt baktunge, men det er ikkje unaturleg når vi skal forsvare ei leiing. Det blir likevel litt panisk i periodar, der vi slår litt mykje vekk, men vi krigar enormt alle mann og det var fantastisk innsats av alle, seier Skeide.

No står det att 90 minutt av seriesesongen og med siger vil Hødd sikre opprykket til Obosligaen.

– No må alle vere 100 prosent på og forhåpentlegvis kan vi knuse Tromsdalen heime neste helg. Eg håper det blir fullt hus og mykje folk

Oppladinga til kampen vart ikkje optimal for 18-åringen.

– Eg har slite med halsinfeksjon heile veka, og det sit nok i endå. Det vart ein del smertestillande før kamp for å halde det i sjakk. Det heldt akkurat, men eg fekk det skikkeleg på slutten, slår Skeide fast.