Kongsvinger har nemleg spelt seks kampar utan tap. To cupsigrar, samt to sigrar og to uavgjorte i serien. Hødd har to cupsigrar, samt 3-0-1-flyt i serien.

– Det blir ein kamp mellom to lag i flytsona. Vi spelte godt mot Strømmen og har kome bra i gang. Kongsvinger har slått opprykksfavoritten Fredrikstad i tillegg til gode Mjøndalen. Kongsvinger har ein veldig sterk 11-ar, og fekk ingen skadar eller karantenar mot Fredrikstad søndag, forklarer Hødd-trenar Nilsen.

Victor Grodås har så vidt begynt å trene forsiktig etter kneskaden han fekk mot Brattvåg 17. april. Erik Sandal har stått over dei to siste kampane grunna sjukdom og har per måndag status som usikker.

Hødd - Kongsvinger går klokka 18.00 torsdag. Vikebladet.no følgjer kampen minutt for minutt.

Erik Sandal har slite med sjukdom den siste veka og er rekna som usikker til torsdagens KIL-kamp. Foto: EOT