Hasundgot starta kampen best og gjekk til pause med ei 1-0-leiing etter eit bra samspel mellom Ruben Muren og målscorar Tore Romestrand. Etter pause gjorde gjestene det vanskeleg for seg sjølve då ex-Hasundgotar Kurt Søvik fekk raudt kort. Derfrå og ut hadde Hasundgot full kontroll og vann fortent 4-0 etter scoringar av Ruben Muren, Eirik Vattøy og Ole-Kristian Gjerde.