Dei er med i eit såkalla forstemne, det vil seie før den internasjonale TV-sendinga (men Dimna-utøvarane dukkar nok opp på NRK).

Grimstad skal springe 100-meter hekk, medan Warholm deltek på 200-meter.

- Det brukar å vere fint ver og gode forhold på Bislett, så håpet er at begge skal perse. Det har dei ei fin moglegheit til, seier trenar Arve Hatløy.

Nyleg sette Grimstad ny pers på 110-meter hekk; 14.13. Warholm har sprunge på 21.33 inne og 21.56 ute.

I fjor representerte Karsten Warholm og Henrik Overvåg (no i militæret) Dimna IL under Bislett Games. Det var første gong på mange år at Dimna var representerte i storstemnet.

PS. Laurdag deltek Karsten Warholm frå Dimna IL og Ådne Andersen frå Hareid IL under eit elitestemne i Florø. Der skal Warholm springe 400-meter, medan Andersen deltek på 800-meteren.

PS 2. Neste helg sender Dimna mange utøvarar til Tyrvingleikane i Oslo.