Fleire hundre fotballspelarar kjem til Hornindal i helga, når Grodås Cup blir arrangert for 16. gong.

Deltakarane i turneringa kjem frå 26 ulike klubbar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Spesielt er klubbar frå søre Sunnmøre godt representert i år.

– Vi ser at Kvivsvegen gir oss gode arbeidsvilkår. Det er enkelt for laga på andre sida av Kviven å kome hit, og vi er eit attraktivt tilbod for dei, seier Steinar Bakka, leiar for turneringa med deltakarar frå ni til 14 år.

Hødd er eitt av laga som deltek frå søre Sunnmøre. I tillegg får cupen besøk av fire av Hødd sine profilerte seniorspelarar. Frå Ytre Søre stiller, forutan Hødd, Hasundgot, Hjørungavåg IL, Vankam FK og Gursken/Gjerdsvika med lag.

I løpet av laurdag og søndag skal 86 lag i aksjon. Dei eldste klassane spelar sluttspel og finale søndag ettermiddag.

I tillegg til fotball er det også lagt opp til ei rekkje andre aktivitetar for deltakarane. Her blir det både høve til å prøve paintball, ride på hest og skyte med pil og boge. Som vanleg blir det også Tine fotballskule og stor grillmiddag.

I 2012 måtte Grodås Cup avlyse på grunn av stor bygge- og anleggsaktivitet på skule- og idrettsområdet, og i fjor hadde cupen noko færre lag enn vanleg.

– Det var naturleg, men no er vi tilbake der vi skal vere, seier Bakka og gler seg over at turneringa kan tilby nye og oppgraderte anlegg til deltakarane.

Sjå kva lag som deltek under grodascup.no (gå til kampoppsett og trykk vis)