I år er fangsten 17 poeng på like mange kampar. Men merk at Hødd i 2013 berre tok eitt poeng frå runde 15 til 18, og då stod med 27 poeng. Får Hødd opp dampen og tek ti poeng på dei fire neste vil dei altså ligge like bra poengmessig som på same tid i fjor.

– Det skjer så mykje rart i 1.-divisjon at det ikkje er umogleg. Vi kan fort vinne 3–4 kampar på rappen. Også i fjor var vi ein periode nede på midten av tabellen etter ein svak periode rundt sommaren, minnest Jesper Törnqvist – Hødd-kaptein i år som i fjor.

Seks poeng opp

Det var først og fremst ei sterk avslutning med 24 poeng på dei 12 siste kampane som sikra Hødd tredjeplass og nesten-opprykk i fjor. Vi skal ikkje tenke altfor langt fram i slengen. Tromsø, Sandefjord og Ranheim har god los på dei tre øvste plassane. Men det er berre seks poeng frå Hødd på 12.-plass og opp til siste kvalifiseringsplassen. Å klare ei topp seks-plassering bør vere eit naturleg mål for resten av sesongen.

– Det mentale viktig

Men då bør Hødd avslutte vårsesongen med ein etterlengta heimesiger mot Ullensaker/Kisa søndag. Hødd må ta med seg det solide forsvarsspelet og det gode overgangsspelet frå 1-1-kampen i Sandefjord nyleg inn mot denne kampen. Men vi veit det same vart sagt etter 1-0-sigeren borte mot Bærum. Då spelte Hødd to svake heimekampar på rappen.

– Det var litt surt å ikkje slå Sandefjord. Vi kontrollerte kampen, men dessverre fekk vi eit litt klønete mål imot. Fotball handlar mykje om det mentale. Og heime har vi slite. Vi må knekke koden der. Men det trur eg vi skal klare. Vi har jobba godt på trening denne veka og er motiverte for tre poeng mot Ull/Kisa, seier Jesper Törnqvist.

– Blir utolmodige

Han trur ein av grunnane til at Hødd har slite så mykje på heimebane i år kontra i fjor handlar om tidlege baklengsmål.

– For då må vi opp og jage og har blitt utolmodige. I fjor var det motsett. I mange kampar var det jamt og ofte mållaust veldig lenge – før vi sjølve avgjorde heilt på slutten. Med ein god start på kampen blir det så mykje enklare, meiner Hødd-kapteinen.