Den tidlegare Hødd-spelaren Morten Moldskred greidde ikkje å score sitt femte mål for året då han møtte sin gamle klubb på Høddvoll. Det er likevel ikkje noko han tek med eit spesielt tungt sinn.

- Tre poeng er kanskje endå viktigare, så det er eigentleg heilt i orden, seier 33-åringen.

Som innrømmer at sjølv om dei hadde god kontroll på heimelaget, vart det ein fysisk krevjande kamp på Høddvoll-matta.

- Bana var faktisk tung å spele på, men eg føler vi hadde god kontroll og vann fortent, smiler han.