* 0-1, 70.min: George White snappar ballen frå Ingebrigtsen og set ballen kontrollert i det lengste hjørnet.
* 1-1, 75. min: Kroaten Franjo Tepuric vart byta inn før eit hjørnespark, og det første han gjorde var å heade inn 1-1 for Hødd!
* 2-1, 90.min: På eit hjørnespark klarerer ein Strømmen-forsvarar ballen rett i Moltu som set ballen i mål.
Oppsummering 1. omgang:
Trass i at bortelaget fekk ei litt dårleg oppladning tilkampen, var det Strømmen som testa motstandarane først.
Eit kjaptfrispark frå George White kunne ha blitt farleg, men vertane slapp medskrekken.
Også Høddvar farleg frampå etter kvarteret spelt, men keeper Arild Østbø stod støtt imålet og fekk kroppen bak ballen.
Likeetter var Strømmens Kristoffer Tokstad nære eit draumetreff då han klemde tilutanfor Hødds 16-meter, men avslutninga gjekk til corner.
Etterhalvtimen kunne Stian Rasch ha send Strømmen i leiinga, men ei laus heading fråkloss hald gjekk rett i fanget til keeper Andreas Lie.
Oppsummering 2. omgang
I det 56.speleminuttet kom Strømmen seg til endå ein stor sjanse, men ingen avangriparane klarte å sende ballen på mål.
Det gjekklenge mellom kvart høgdepunkt, men etter 66 minutt kunne Espen Standal ha bankainn 1-0 for Hødd. Uheldigvis for ørstingen var keeper Østbø med på notane ogfekk ballen ut til hjørnespark.
Med 20minutt att å spele plasserte George White inn 0-1 for gjestene. Den tidlegareOdd-spelaren var på prøvespel i Hødd tidlegare i sommar, og takka for sist medei skåring.
Femminutt seinare viste Lars Arne Nilsen eit kanonbyte då han sette innpå FranjoTepuric. Kroaten hadde ikkje vore på banen i meir enn nokre få sekund før hanraga høgast på eit hjørnespark og stussa inn utlikninga for Hødd.
White villegjerne sende Strømmen i føringa endå ein gong minuttet før full tid, men dennegongen gjekk avslutninga godt til side for målet til Lie.
Påovertid skulle derimot avgjersla kome. Ein uheldig Strømmen-forvarar klarerteballen rett i Steffen Moltu, som sikra alle tre poenga for Hødd.
Kampfakta:
Adeccoligaen, 21 rundeHødd – Strømmen 2-1 (0-0)HøddvollTilskodarar: 1334 selde billettar og sesongkortMål: 0-1George White (70), 1-1 Franjo Tepuric (75), 2-1 Steffen Moltu (90+3).Dommar: Kristoffer Hagenes, Hovding ILGule kort: Fredrik Aursnes, Espen Standal (Hødd). Francois Yabre (Strømmen)
Hødd (4-3-3):Andreas Lie – Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu,Ruben-Kenneth Brandal – Bendik Torset (Andreas Rekdal, 38), Sivert HeltneNilsen, Fredrik Aursnes – Eirik Ulland Andersen, Espen Standal, JoachimMagnussen (Franjo Tepuric, 75)