Bendik Torset fekk sin første start i serien denne sesongen då Hødd vann 2-0 heime mot Sandnes Ulf. Borte mot Strømmen var han igjen i startoppstillinga, men opplevinga vart ei heilt anna for sandssokningen.
- Det var litt kjekkare sist helg, det skal eg love deg. Vi gjer ikkje det vi var einige om på førehand i den første omgangen, og vi slepp inn to mål. Eg synest vi spelar ein ganske bra andreomgang, men då er det for seint. Vi er ikkje klare. Vi står på perrongen når toget går, seier Torset.
Torset slår fast at Hødd allereie måndag må gjere seg ferdige med den skuffande bortekampen mot Strømmen, og i staden konsentrere seg om den tøffe heimekampen mot Sandefjord.
- Vi får prate ut om kampen i morgon og då må vi vere tøffe med oss sjølve.
For etter denne prestasjonen må ein vere tøffe?
- Ja, eg meiner det.
Torset synest ikkje at heimelaget fekk til så veldig mykje sjølve etter pause, men at Hødd ikkje klarte å finne ut av spelet i den første omgangen.
- Eg trur mykje av det handlar om å flytte beina kjapt nok. Det fekk ikkje vi til i dag. Det går mest på oss sjølve. Det handlar ikkje om at vi er dårleg trente heller, for vi får det betre til i den andre omgangen. Eg veit ikkje kvifor det ikkje stemmer frå start.