Det har ofte vore dramatisk og tett mellom Hareid og Valder, men Hareid har eit lite historisk overtak. Sist laga møttest (i NM 2012) vann rett nok Valder 4–2 på heimebane.
Hareid kjem frå ein varierande 3-3-kamp mot Blindheim og må nok opp fleire hakk for å slå eit heimesterkt Valder-lag som har henta heim brørne Erlend og Ole Johan Skjong Synnes frå SIF.
Hareid må denne runden klare seg utan mellom andre dei solide stopparane Ørjan Engen Grimstad (Trondheim) og Marius Rise (skade). På plussida er Audun Øvrelid tilbake i troppen, medan Joachim Røyset framleis er heime og tilgjengeleg.
Runde 13 med våre tips:
Torsdag: Emblem – Norborg (H), Rollon – Ørsta (H), Blindheim – Skodje (U), MSIL – Godøy (U).
Fredag: Valder – Hareid (H)
Søndag: Stordal – ÅVK (B).
Vigra borte
Hasundgot ligg på nedrykksplass i 5.-divisjon, men kan klatre fleire hakk om dei slår Vigra borte laurdag. Hasundgot imponerte ikkje spesielt då dei spelte 2-2 borte mot Hareid 2 tysdag, men det var ein treningskamp.
Runde 9:
Tysdag: Vartdal - Sunnylven/Stranda II 7-3
Onsdag: Hovdebygda - Åmdal 4-2
Torsdag: FK Sykkylven - Langevåg (B)
Laurdag: Vigra - Hasundgot (U)
Søndag: Åheim - Ravn (B)