I dag kom ei stor ladning med kaffikoppar til Hareid. Desse har inngravert Hareid IL-logo og er klare for sal. Ved å kjøpe ein slik kopp får ein gratis kaffi på alle Statoil-stasjonar i verda heile neste år.

- Vi fekk ideen frå handballgruppa til Ørsta IL, som hadde stor suksess med dette tiltaket. No har andre hengt seg på, inkludert oss. Men så vidt eg veit er vi dei einaste på Hareidlandet som har gjort noko slikt, seier Kristian Angelsen frå Hareid IL si fotballgruppe.

Det er a-spelarane til Hareid som skal selje koppane. I tillegg er dei tilgjengelege for sal på Hareid drosjesentral og under Grendacupen i romjula.

- Eg trur dette kan vere ei perfekt julegåve for mange. Om ikkje alle liker kaffi så er det sikkert mange som likevel ønskjer seg ein fin kopp med idrettslaget sin logo, seier Kristian Angelsen.