Måndag spelte det norske J19-landslaget sin andre kamp i eliterunda i EM-kvalifiseringa. Laurdag slo laget England og no var det Sveits som stod for tur.

Den tidlegare Hødd-spelaren, no Røa, Vilde Hasund var ein av dei store profilane måndag, og sikra Norge sigeren med to scoringar. Det første kom allereie etter tre minutt, før Hasund fastsette sluttresultatet til 2-0 etter 24 minutt.

- Vi er veldig fornøgde med to segrar, og vi har sett oss i ein veldig fin posisjon framom den siste kampen. Men i dagens kamp er resultatet betre enn prestasjonen. Tidvis spelar vi bra, men i andre perioder er vi under det nivået vi ønskjer å vere, seier landslagssjef Nils Lexerød til fotball.no.

Det norske laget skal spele ein kamp til, mot Nord-Irland på torsdag. Med rett resultat der er laget klare for EM-sluttspelet i Israel i juli.