Nest siste helga i mars deltok Malene og Sophie Breivik Nesse frå Hødd turn si RG-gruppe i NM Duo i Haugesund, der dei gjennomførte eit program med køller saman.

Lisbeth Breivik Nesse fortel at jentene har teke ein førsteplass og ein andreplass i Norgescup i denne klassa tidlegare i sesongen. Også i NM blei det eit svært godt resultat med ein ny andreplass bak Asker Turnforening sine beste jenter.

- Askerjentene  tok gullet med ei feilfri køyring, men Malene og Sophie var veldig godt nøgde med å ta sølvplassen bak desse jentene. Malene er 16 år, og Sophie har nettopp fylt 15. Dei har framleis flere  år framfor seg til å utvikle seg vidare som gymnastar, seier Lisbeth Breivik Nesse.

I påska har jentene nytta ferien til å trene endå meir RG, då dei trente 25 timar på fire dagar i Askerhallen saman med landslagstrener Bente Bjanes og gymnastane hennar frå Asker.

- Det er ei prioritering og eit ønske fra både foreldre og jentene sjølv, seier mamma og trenarr i Hødd RG, Lisbeth Brevik Nesse.

Også lisjesyster Linnea Breivik Nesse vore med på treninga i Asker. Ho konkurrerer i firekamp i internasjonal rekruttklasse denne sesongen.

No er det ny Norgescup som er neste konkurranse frå jentene. Den går 10-12 april i Nordre Land. Der skal An-Margritt Alvestad og Viktoria Gustavson vere med i senior nasjonal klasse og mArthe Utgård Dimmen skal delta i nasjonal klasse for junior. Der vil alle tre prøve å kvalifisere seg til Norgesfinala som blir arrangert i Ulsteinvik frå 30-31 mai i år.

Malene og Sophie Breivik Nesse deltek i Duo-klassa og siktar mot å vinne Norgescupen samanlagt for 2015.

Det var Asker sine 19 år gamle RG-jenter som vann den eldste Duo-klassa. Sophie og Malene Breivik Nesse tok ein sterk andreplass. Foto: Privat