Den 23. utgåva av Grendacupen på Hareid er over etter to fartsfylte fotballdagar i Hareidhallen.
Sjå store bileteserie frå sluttspelet
Til slutt var det "Kvælartak" som trekte lengste strået, etter å ha slått "Kvil dej" 2-0 i finalen. "Kvil dej" endar dermed på den sure andreplassen for andre år på rad. Og denne gongen var det mange som trudde laget hadde teke leiinga mot "Kvælartak", men etter ein lengre diskusjon mellom dommarane kom dei fram til at det indirekte frisparket gjekk rett i mål, og derfor ikkje kunne godkjennast.
I staden var det Martin Mork Breivik som kunne sette inn den første scoringa i finalen etter ni minutt. Kampen var tett og tøff, og som mange av kampane i sluttspelet vart det mange solide duellar ute på parketten.
Og medan "Kvil dej" pressa på for å utlikne opna det seg store rom bakover i banen og i staden var det "Kvælartak" som dobla leiinga ved Sveinung Tilseth to minutt før slutt. Og dermed kunne unggutane juble for siger i herreklassa.
Dei to finalistane kom begge frå ei tøff Pulje A, der det var "Sei du det?" som gjekk av med puljesigeren. Også i det innleiiande gruppespelet var det "Kvælartak" som trekte lengste stået av finalistane, då med ein 1-0 siger som sikra andreplassen i pulja. "Sei du det?" var saman med "Ullared" dei to einaste som gjekk gjennom gruppespelet utan å avgi poeng. Begge laga tok seg også vidare frå 8-delsfinalen, før det vart stopp for "Ullared" i kvartfinalen mot "Slav". "Sei du det?" tok seg til semifinalen, der det vart eit nytt oppgjer med "Kvil dej", men denne gongen var det laget som tok tredjeplassen i gruppa som var best og vann 1-0 etter ei sein scoring frå Georg Riise Gaasø.
I den andre semifinalen vart det svært dramatisk, med to lag som fulgte kvarandre svært tett. "Kvælartak" tok leiinga frå start ved Isak Haanes, men Aleksander Rekdal slo tilbake nokre minutt seinare. Deretter gjekk "Kvælartak"igjen opp i leiinga etter ei ny kjapp scoring frå Isak Haanes, som etter finalen vart kåra til "Årets spelar" og "Årets toppscorar".
Etter 2-1 var kampen prega av ein del småstygge duellar, og heile fem gule kort i løpet av fire minutt. Med få minutt igjen på klokka utlikna Fredrik Andresen for "Slav", men i det tida var i ferd med å renne ut leitte "Kvælartak" fram ei mønsterkontring og Sveinung Tilseth sende laget til finalen.
Dameklassa
I dameklassa var det nok inga overrasking av "Nederlaget" blei eitt av to finalelag. I gruppespelet vann dei begge sine kampar, og det med solide 14-2 i målskilnad. Det var likevel eit mål mindre enn "Dei andre" kunne skilte med i den andre gruppa, etter å ha scora 15 gongar på sine to sigrar.
"Nederlaget" gjorde også kort prosess på sine motstandarar i semifinalen og vann til slutt 5-1 mot "Holemix damer". Det var likevel "Holemix"-damene som tok leiinga ved Eva Janne Holstad etter to minutt. Men kort tid seinare var kampen snudd, og "Nederlaget" såg seg ikkje tilbake. Ragnhild Ertesvåg scora tre mål, medan Charlotte Haanes og Thea Vattøy Kristensen leverte dei to andre.
I den andre semifinalen var det "Reunited" som var motstander for "Dei andre", men mål frå Stine Marø Sundgot, og to frå Kristin Marø, sørga for at det berre blei trøystemål for "Reunited" då Cecilie Skeide scora i kampens siste minutt.
Og dermed møttest dei to beste damelaga til finale. "Nederlaget" hadde foten på gasspedalen frå start, og Ragnhild Ertesvåg hadde ballen i nettet til 1-0 allereie i kampens andre minutt. Og då skulle det ikkje ta meir enn vel minuttet før turneringas toppscorar Thea Vattøy Kristensen sette 2-0.
Deretter vart det tettare mellom laga, men "Dei andre" fekk ikkje ballen forbi Ingvild Auflem Vik, og då Thea Vattøy Kristensen sette sitt andre med fem minutt igjen av finalen var det meste avgjort. "Nederlaget" vann 3-0, men Kristin Marø frå "Dei andre" fekk ein trøystepremie i å verte kåra til "Årets spelar" i dameklassa.
Ungdomsklassene
Med fem lag i guteklassa og fire lag i jenteklassa vart det berre ei innleiiande pulje i kvar klasse, der dei fire beste gjekk til semifinale. I jenteklassa var det "Herdavika" som sikra seg best utgangspunkt med å vinne gruppa etter to sigrar og ein uavgjort. Dei møtte dermed "Gi dej" som enda på fjerdeplass i semifinalen. Her var "Herdavika" suverene og vann til slutt 4-0 etter scoringar frå Vilde Voll Hareide, Elise Lamborg og to scoringar frå Sofie Moldskred.
Dermed var eine finalisten klar, og i den andre semifinalen gjorde "Five wise monkeys" og "Fries before guys" opp om den siste finaleplassen. Også dette blei ein ganske einsidig kamp, etter at Shaajeena Jeyathas sette ballen i mål to gongar i løpet av dei første fem minutta. Elen Alme sette inn 3-0 etter ti minutt, og i løpet av det neste minuttet hadde begge lag teikna seg på scoringslista med kvar si scoring, men med tre mål frå Alme og tre frå Jeyathas vart det til slutt ein sterk 6-1 siger til "Five wise monkeys".
"Herdavika" og "Five wise monkeys" spelte uavgjort i gruppespelet og det var difor spanande å sjå kven som ville vere sterkast i finalen. Som i semifinalen var Shaajeena Jeyathas tidleg ute, og sende laget sitt i leiinga etter tre minutt. Kampen låg deretter og vippa til det berre var eitt minutt igjen på klokka. Då scora først Amalie Koppen for "Five wise monkeys" før Vilde Voll Hareide reduserte til 2-1 like etterpå. Det heldt likevel ikkje for "Herdavika" og "Five wise monkeys" kunne juble for Grendacup-gull.
På gutesida tok "Sunnmøre hybeid" tak i turneringa frå start. Dei vann alle sine fire kampar i gruppespelet, og sleppte berre inn eitt mål på dei fire kampane. Dermed vart det møte med "6 kvite og ein vårrull" i semifinalen. Resultatmessig vart det ein kopi av kampen mellom laga i gruppespelet, og "Sunnmøre hybeid" vann 2-0 etter scoringar frå Sondre Taklo og Ola Aga Ljosa.
Også til finalen gjekk "Scotish FC", etter å ha slått "Class of 2003 + 2 noobs" 4-1 i semifinalen. Sindre Kleiven, Tobias Petterson Hatløy (x2) og Iver Skeide scora for "Scotish IL", medan Fredrik Dimmen Gjerde sette inn 3-1 reduseringa.
I finalen tok det lang tid før måla skulle kome. Det såg ut til å gå mot "sudden death" då Håvard Mork Breivik sette inn 1-0 minuttet før slutt. Men då losna det i Hareidhallen, og Ola Aga Ljosa sette inn 2-0 minuttet seinare, før Sverre Sætre Orten tende eit lite håp for "Scotish IL". Det var likevel ikkje nok og "Sunnmøre hybeid" tok sigeren etter ei imponerande turnering.