Med tida 2.44,15 vart Olger Pedersen frå Dimna IL den suverene vinnaren av heilmaraton under Ålesund Maraton laurdag. Pedersen hadde lenge følgje med Helge Hafsås, men han måtte bryte løpet.

Resten av konkurrentane hadde ikkje moglegheit til å følgje tempoet til Pedersen, som var i mål om lag 20 minutt før nestemann.

2.44,15 er Pedersen si beste tid på distansen. Etter å ha brukt 1:23,02 på dei første 21 kilometerane, auka Pedersen tempoet noko på siste halvdelen av løpet. Der brukte han 1.21,12.