NM vart avslutta med 1000 meter stafett for Dimna IL sin del.

Ådne Andersen på første, Nicolas Roppen Masters, Toralv Opsal og Karsten Warholm var på Dimna-laget.

Før siste etappe hadde fleire lag ei bra luke, men med Karsten Warholm, som kort tid tidlegare hadde teke NM-gull på 400 meter hekk, er det umogleg å avskrive Dimna.

Warholm tok seg først opp på tredjeplassen, og det såg ut til at det kunne gå mot bronse for Dimna, men ut på oppløpet så sette Warholm inn superkreftene, storma forbi dei framom seg og kunne strekke hendene i vêret på veg over målstreken. Eit nytt NM-gull til Warholm og stafettgull til Dimna. Ei perfekt avslutning for Dimna-troppen.

For Karsten Warholm blei det endå meir å juble for. Etter tre gull i løpet av meisterskapen fekk han også kongepokalen. Det er tredje gongen Warholm får denne.