Hødd junior. Bak frå venstre: Einar Magne Skeide (trenar), Andreas Rekdal, Jørund Johansen, Oskar Gunnarstein, Bendik Thorseth, Torgeir Skeide, Vegard Heltne, Audun Scheide, Martin Haanes, Sivert Nilsen, Arne Heltne (oppmann). Framme: Anders Gaustad, Bjørn Vikanes, Eirik Heltne, Ørjan Nyland, Preben Sætre, Emil Viddal, Lasse Leirstad, Audun O. Trovåg. Foto: Einar O. Trovåg

Hødd har vore ein viktig kulturfaktor i Ulstein gjennom 90 år, og ein vonar dette møtet vil vere interessant både for historieinteresserte og Hødd-interesserte.

Arne Flatin tek del på møtet. Han skulle vere godt kjent for dei fleste som journalist i NRK. Flatin har skrive jubileumsbøkene både til 75-års jubileet og 90-års jubileet. Han er dessutan statistikkførar i klubben. Arne Flatin er såleis den som kjenner historia til Hødd best, og på møtet vil han formidle deler av denne.

John Osnes har vore aktiv på mange område i Hødd, men største arbeidet har han lagt ned på anlegga på Høddvoll. Han vil fortelje korleis Høddvoll har utvikla seg frå den spede start på grusbana i 1920, og fram til slik Høddvoll ser ut i dag.

Herleiv Saunes har gjort ein kjempejobb med å samle gamle foto, prologar, revyar, songar og forteljingar frå Hødd-historia. Dette arbeidet har resultert i tre hefte med Hødd-foto, eit hefte med prologar, revyar og songar frå Hødd-tilstellingar og eit hefte med prologar, dikt og forteljingar som onkelen, Karsten Saunes, laga og framførde.

På møtet blir det i god historielagsånd også matykt og loddsal. Nancy Dimmen vil stille opp og servere si fantastiske sjokoladekake. Denne kaka har Nancy laga og servert i kafeteriaen på Høddvollhuset på Hødd sine heimekampar i snart 20 år. Så dersom dommarane på Høddvoll av og til er litt heimedommarar, er det fordi dei har fått sjokoladekake før kampen. Kaffi blir også servert.

Historielaget ynskjer alle hjarteleg velkomne til møtet på torsdag, seier dei i ei pressemelding.