Hareidsmyrane stadion er sett opp som kamparena for treningskampen Hødd-Brann søndag 5. februar. Foto: Leiv Arne Grimstad

Kampen har avspark klokka 17.00. - Dette blir eit fint høve for publikum frå heile distriktet til å sjå to gode lag i aksjon. Sidan det er fleire hareidsdølingar med på Hødd sitt lag for tida, blir kampen ekstra interessant for bygdefolket, skriv nettsida, som også opplyser at Hareid IL si fotballgruppe står som kamparrangørar.