Akkurat no pågår det ein pressekonferanse der Hareide fortel om bakgrunnen for valet om å trekke seg. Etter eitt år utan siger har presset på Hareide auka. Likevel har forbundet freda Hareide. Hovudpersonen sjølv har ikkje sagt så mykje som framtida, men i dag kom altså beskjeden. - Etter lang tids refleksjon, har eg i samråd med Sondre Kåfjord og Karen Espelund kome fram til at eg går av som landslagstrenar, sa Hareide. Hareide seier at det går mest på motivasjonen, og at landslaget no treng ein positiv inngang på 2009. - Eg vil takke spelarane mine for samværet, støtteapparatet og NFF, seier Hareide. Erstattaren er ikkje klar, men Espelund er ikkje avvisande til å leite utanfor Norge sine grenser.
Sport →
Åge Hareide har trekt seg
Åge Hareide har bestemt seg for å gå av som norsk landslagssjef etter fire år.