Hødd Fotball har signert kontrakt ut sesongen 2010 med 22-åringen Andreas Sørgård Olsen frå Mo IL. Sørgård Olsen har vore ein ettertrakta spelar for mange klubbar. Tidlegare denne veka vart han nesten Rosenborg-spelar, men det skar seg i tolvte time. Så kom Hødd på bana, og partane vart fort einige om ei kontrakt ut 2010-sesongen. Andreas sine mest kjende eigenskapar er som kantspelar med ekstrem hurtigheit. Han har i tillegg gode skussmål som ein særs positiv kar i ei treningsgruppe - og med ein treningsiver langt over normalen. Opprinneleg kjem han frå Hamarøy (heimbygda til Knut Hamsun), og har tidligare vore innom Hamarøy IL, Steigen SK, Bodø Glimt, Narvik og Mo IL. - Hødd Fotball og Andreas er særs godt fornøgde med at denne avtalen er komen i boks, skriv Hødd på nettsida si.