Nyland kjem frå Volda, der han har gått gradene og blitt lønna med uttak til U16-landslaget i 2006. Volda T&IL vil presisere at dei vil gi unge talent sjansen til å prøve seg på eit høgare nivå, og at dei i dette tilfellet ønskjer Ørjan lykke til vidare i karrieren. Volda ønskjer også å rette ei takk til keepertrenar Ronny Osnes i Hødd, som har vore særs delaktig i utviklinga til Ørjan, heiter det i ei pressemelding om overgangen. Hødd nyttar høvet til å takke Volda for fin forståing og godt samarbeid for å få i stand avtalen. Kontrakten varer ut 2009-sesongen, og alle partar seier seg særs nøgde.