Frå eit tidlegare Team Athletics-arrangement i Hareidhallen. Foto: Leiv Arne Grimstad

Det populære rekrutteringstiltaket for friidretten har fått påmelding frå Hareid, Dimna, Ørsta og Åelsund.

Det er Hareid IL og Dimna IL som arrangerer. I tillegg til sekundantar på dei mange øvingspostane stiller dei med eit stort sekretariat som held orden på resultat og rangering.

Hege Holstad i Hareid IL si friidrettsgruppe opplyser at det vil bli halde ei fellesoppvarming eit kvarter før det startar.

Stemnet blir arrangert etter same opplegg som tidlegare år, med ein lagkonkurranse med fire deltakarar på kvart lag. Det blir konkurrert i både tradisjonelle og utradisjonelle øvingar. Deltakarane er i aldersspekteret 8-14 år.

Øvingsutvalet er slik: Sprintløp - Lengde u/tilløp - Tresteg u/tilløp - Frekvenshopp - Vertikalhopp - Balanse - Kule - Spyd og stafettar.

Det er sett opp lagpremie til beste lag i kvar årsklasse. I tillegg får alle deltakarpremie.