Redaktør for Hareidsida Einar Orten Trovåg (t.h.) saman med Ulstein IT-senter frå når dei digitaliserte historikken til klubben.

Måndag 25. oktober startar kåringa og gradvis fram mot den 12. november vil dei nominerte verte rangert. 12. november vert topp 10 lansert direkte på fotballen.eu.

Av lag her på øya er det berre Hødd og Hareid som er nominerte. Elles frå Sunnmøre er MSIL, Norborg og Aafk representerte.

Det er ei rekkje ulike krav som må imøtekomast skal ein verte ein verdig vinnar.

Juryen legg vekt på design/kreativitet, innhold/tilgjenge, oppdateringar, og "bonus" som til dømes quizar, morosider og liknande. Konkurransejuryen legg og mest vekt på a-laga, klubbane sine flaggskip.

I tillegg vektlegg juryen kva ressursar dei ulike klubbane har og kva som dermed kan forventast.