Første øving ut på andre dag av friidretts-NM på Byrkjelo var forsøket på 200 meter der Jonas André Ose og Anna Garnes Kleven begge skulle forsøke å ta seg vidare til semifinale.

Ose prøvde seg på 100 meter fredag, men klarte ikkje å ta seg vidare frå forsøket der. Garnes Kleven hadde frå før delteke i lengdekvalifiseringa, men der var det berre Johanne Rise Kvalen som kom seg vidare av Dimna-utøvarane.

Laurdag fekk utøvarane verkeleg kjenne på at friidrett er ein utandørsidrett i sommarmånadane. Det var tidvis svært kraftig vind då løparane skulle ut på 200 meter og for tre av fire forsøksheat for herrane var det skikkeleg motvind.

Det fekk mellom anna Jonas André Ose kjenne på med 2.8 m/s motvind. Ose sprang inn til ein fjerdeplass med tida 23,04. Då var han avhengig av å gå vidare på tid, men det såg skummelt ut etter andre heat. Då var det nesten vindstille og tre mann sneik seg framom tida til Ose. Dermed hadde han fjerde beste tid av dei som ikkje gjekk direkte vidare, og han var avhengig av at ingen i dei to siste heata fekk betre tid.

Ose var uheldig med motvinden i sitt heat, men kanskje litt heldig med vinden i dei to siste. Då var det nemleg endå kraftigare motvind og den beste av dei som ikkje vart direktekvalifiserte sprang inn til 23,07. Dermed var Ose vidare med fjerde beste tid av dei som ikkje var direktekvalifiserte og skal springe semifinale seinare i ettermiddag.

Anna Garnes Kleven fekk også kjenne på motvinden i sitt forsøksheat. På grunn av fleire utøvarar som trekte seg før start vart det berre tre heat og dermed direktekvalifisering til finale i staden for semifinale. Dermed var det berre to frå kvart heat, samt dei to beste tidene som gjekk vidare.

Det var ikkje ungjenta i nærleiken i den tøffe motvinden, men sprang inn til 27,35. Christine Bjelland Jensen og Elisabeth Slettum tok dei to direkteplassane i heatet. Også Ingvild Meinseth, med besteforeldre i Ulstienvik gjekk vidare til finalen. Ho vann det første heatet med tida 25,69. Fredag tok ho sølv på 100 meter.