- Vi gjer ein bra førsteomgang, borte mot eit godt lag, som er inne i ei bra periode. Vi går ut og vinn dei første duellane, vinn andreballane og set trykk mot KBK-målet, men vi klarar dessverre ikkje å omsette trykket i scoringar. Det opnar seg meir etter pause, det er litt jamnare og vi slepp inn mål på ein dødball. Vi har også sjansar etter scoringa som gjer at vi kunne ha fått med oss noko frå denne kampen, men vi klarar ikkje omsette det i eit teljande resultat.
Hans-Erik Eriksen fortel at det er skuffande å sjå at ein heller ikkje mot KBK får med seg noko i ein kamp der prestasjonen lenge var god, men han meiner det også er betryggande at Hødd er på rett veg med mykje av det laget prøvar på.
- Men det gjenstår å få teljande resultat.
For no byrjar det å haste med å plukke poeng for Hødd sin del. Fem poeng på dei første åtte betyr at laget deler sisteplassen på tabellen med FFK og Ull/Kisa.
- Eg har ei kjensle av at vi er i ferd med å ende den dårlege rekkja med resultat, og snu det til gode resultat for oss. Vi har spelt jamne kampar mot laga som toppar tabellen, men har fått for dårleg utteljing. Vi må bli flinkare til å bikke kampane i vår favør, seier Eriksen.
Han forstår at publikum og presse stiller spørsmål ved det Hødd har levert så langt denne sesongen, men han meiner Hødd må halde seg til den måten ein ønskjer å spele på.
- Vi må halde fram der vi er. Vi må tru endå meir på det vi gjer og stå endå meir samla i alle beslutningar vi tek som skal gagne Hødd. Det er ein del av det å bli eit vinnande fotball-lag at folk følgjer med og ønskjer at vi skal vinne kvar kamp. Det er ei kjensle vi ikkje skal ta frå nokon, for den ønskjer vi også.