Etter ei jamn opning, med et knapt overtak til bortelaget var det Hødd 2 som tok leiinga etter 15 minutt. Michael Karlsen finta seg fri på 16 meter midt framom mål, men fekk skotet blokkert. Ballen gjekk likevel rett til Isak Haanes, som var i god posisjon på venstresida. Han trekte ballen med seg mot venstre, vende mot høgre og sette ballen i lengste hjørnet. Mål på den første skikkelege sjansen til heimelaget.
Hødd auka til 2-0 etter 32 minutt, då Michael Karlsen plukka opp ballen, tok den med seg innover i bana og tok seg god tid til å finne rette alternativet. Det kom i form av eit løp frå Øystein Vestvatn, og Karlsen la ballen fint i bakrom, der Vestvatn fekk lobba ballen i ein boge over den utrusande keeperen, og dermed 2-0.
Det var også stillinga då laga gjekk til pause. Etter første scoringa tok Hødd 2 meir og meir over, men skapte ikkje veldig mykje. Det var likevel tydeleg at når heimelaget fekk ballen til å gå raskt, så hengte ikkje Stryn med.
Bortelaget reduserte
Etter kvilen pressa bortelaget tøffare på, og fekk også utteljing. Ballen vart spelt inn til Mads Wie, som plassserte ballen forbi Sivert Pieroth i Hødd-målet.
Elleve minutt før slutt burde Hødd 2 ha avgjort, då Michael Karlsen spelte fram Peter Haddal Worren. Han fekk avslutninga blokkert, men ballen gjekk rett tilbake til Karlsen. Keeper hadde gått ut i duellen med Haddal Worren, og kom seg ikkje tilbake til mål før Karlsen avslutta, men skotet frå angriparen gjekk over mål.
Minuttet før slutt var Wie igjen på farten. Hødd 2 trudde han var i offside, men linjemannen markerte ikkje og dermed var Wie åleine med keeper. Sivert Pieroth kom fint ut, gjorde seg stor og fekk avslutninga i kroppen. Ei god redning frå Pieroth, som sørga for at Hødd 2 tok vare på leiinga.
I staden for utlikning til Stryn var det Hødd 2 som på overtid fekk si tredje scoring. Sondre Beite tok vakkert med seg ballen forbi to mann, sprang til linja og passerte endå ein forsvarar på vegen, før han venta ut keeper og la ballen på tvers av mål der Peter Haddal Worren kom stormande og pirka inn 3-1. Dermed tre nye poeng til Hødd 2, som no har klatra opp til ein 3.-plass på tabellen.
- Det er ein rotete kamp og på ingen måte av dei betre vi har spelt, seier trenar Einar Magne Skeide etter kampslutt på Høddvoll.
Han meiner Hødd 2 var for unøyaktige i pasningsspelet og gav vekk for mange overgangar til Stryn.
- Det kunne jo ha scora på slutten og sikra 2-2, i staden kontrar vi inn 3-1. Vi har litt marginane med oss i dag. Vi vinner på ein ordinær dag, men det er viktig det også.
Med kamp i den regionale ligaen for G19-lag allereie måndag, var det fleire Hødd-unggutar som fekk kvile mot Stryn.
- Vi er nødt til å styre heile spelarstallen og kan ikkje drive rovdrift på spelarane. Vi ønskjer også å la så mange som råd spele så mykje som mogleg, anten i 3.-divisjon eller i den regionale ligaen.
Kampfakta:
Hødd 2 – Stryn 3 - 1 (2-0)
Nye Høddvoll
Tilskodarar: Ca. 110
Dommar: Kristian Melseth, Sykkylven IL
Gule kort: Elias Flø, Mads Wie, Håkon Botn Brautaset
Mål: 1-0 Isak Haanes (15), 2-0 Øystein Vestvatn (32), 2-1 Mads Wie (63), 3-1 Peter Haddal Worren (90)
Hødd 2: Sivert Pieroth – Martin Mork Breivik, Aleksander Rekdal, Karl Bringsvor, Sveinung Tilseth (Peter Haddal Worren 72) Sæterås - Elias Flø (Mattis Ringstad 85), Sander Djupvik, Øystein Vestvatn (Håkon Botn Brautaset 45) – Isak Haanes (Amanuel Mehari Hagos 82), Michael Karlsen, Sondre Beite.