Marius Brækkan scora to gonger for MSIL, medan Ola Kalvø Vattøy stod for Hareid si utlikning.
Hareid-trenarane gjorde grep i pausen som såg ut til å fungere. Laget vann overbevisande 4-0 i 2. omgang og dermed 5-2 totalt. Eiliv-Tore Howlid og Christer Adrian Mork fekk tillit som Hareid-spissar etter pause og scora to mål kvar.
Ein lokal jury kåra Ola Kalvø Vattøy til heimelagets beste spelar. I tillegg til eitt mål noterte han seg også for to målgjevande pasningar.
Les meir frå kampen i laurdagsnummeret av Vikebladet Vestposten.
Kampfakta4.-divisjon runde 14Hareid – MSIL 5–2 (1-2)Hareid stadionTilskodarar: 50Mål: 0–1 Marius Brækkan (9), 1–1 Ola Kalvø Vattøy (29), 1–2 Brækkan (30), 2–2 Eiliv-Tore Howlid (64), 3–2 Christer Adrian Mork (66), 4–2 Christer Adrian Mork (89), 5–2 Eiliv-Tore Howlid (90+2) Dommar: David Fiskaa, Vartdal TILGule kort: Tore Bjørge Mjønes, Emil Johannes Dahlen Folkestad Hareid. Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (K) – Lars Andreas Dahlen Folkestad, Eiliv-Tore Howlid, Marius Rise, Tore Bjørge Mjønes – Ola Kalvø Vattøy, Audun Øvrelid, Nikolay Sundgot (Emil Johannes Dahlen Folkestad 46), Georg Eikrem Olsen (Nauris Driksna 80) – Hiwa Alipoor (Christer Adrian Mork 46), Thor-Ove Brekke (Ole André Kragset 90+2)