Alt etter eitt minutt og 30 sekund gjekk Hareid opp i 1-0. Og for eit mål! Ein corner gjekk bakarst i feltet og litt ut. Frå 20 meter lada Georg Eikrem Olsen kanonen og banka ballen rett i lengste kryss.

Hareid såg friske ut i starten. Så kom ÅVK meir med. Straffa heimelaget fekk etter ti minutt såg rett nok ganske billeg ut. Joar Møller var borti rutinerte Ole Per Kragset, men ikkje mykje. Runar Løvoll utlikna til 1-1 på kritmerket. Vagn Scheide Mork var nær redning, men ikkje nær nok.

Midt i omgangen skapte begge laga sjansar. Kim-Tore Husøy fekk ei god moglegheit etter 17 minutt, men skaut rett på Ivar Krokvik. To minutt seinare avslutta Ole Per Kragset i stonga frå kort (men pressa) posisjon. Christer Adrian Mork var nær scoring etter 32 minutt, men heada over ÅVK-buret. 1-2 kom etter 36 minutt – igjen etter ein fin prestasjon frå Georg Eikrem Olsen. ÅVK fekk innkast nede ved eige cornerflagg, men vart hardt pressa av Hareid. Olsen vann ballen, smaug seg innover i bana og avslutta presist i mål frå 18 meter. Dermed 1-2.

1-3 burde ha kome etter 42 eller 44 minutt, men Martin Mork Breivik og Christer Adrian Mork bomma på relativt store sjansar.

Om 1. omgang var ganske jamn var Hareid soleklart best etter pause. Då var det svært sjeldan ÅVK kom til i det heile. 1-3 kom etter 60 minutt. Marius Rise spelte gjennom Christer Adrian Mork, som ikkje feila åleine med Krokvik. Det vart spenning for ei lita stund åtte minutt seinare då ÅVK scora på sin første sjanse denne omgangen. Heimelaget spelte kjapp fotball og Torgeir Halsen avslutta det flotte angrepet med eit godt treff frå høgresida.

Mange tenkte då at ÅVK ville få blod på tann, og alt minutt seinare scora kvittrøyene. Men då målet vart annullert for offside gjekk lufta ut av vanylvingane.

Ola Kalvø Vattøy kom heim frå Bali måndag. Han kom på bana i dag etter 70 minutt og brukte berre eitt minutt på å setje inn 2-4. Vattøy såg ut til å prøve på eit innlegg, men ballen sneik opp i lengste kryss via ÅVK-keeper Krokvik. 2-5 kom på straffe ved Kim-Tore Husøy etter 79 minutt. Georg Eikrem Olsen vart felt, og det var også sistnemnde som fastsette sluttresultatet til 2-6 i det 84. minutt. Hareid skapte også fleire sjansar, men skal likevel vere godt nøgde både med resultatet og kampgjennomføringa. ÅVK er ikkje eit lett lag å slå på Eidsåvoll tradisjonelt sett, men dei ser kanskje ut til å mange litt sjølvtillit om dagen.

Hareid toppar tabellen før 4.-divisjonsrunden blir spelt ferdig torsdag.

Fredag neste veke kjem Godøy på besøk til Hareid stadion.

Ref. Hareid IL

Kampfakta4.-divisjon runde 5Åram/Vanylvskameratane – Hareid 2-6 (1-2)EidsåvollTilskodarar: Ca. 60Mål: 0-1 Olsen (2), 1-1 Løvoll (10, straffe), 1-2 Olsen (36), 1-3 CA Mork (60), 2-3 Halsen (68), 2-4 Vattøy (71), 2-5 Husøy (79, straffe), 2-6 Olsen (84)Dommar: Rolf Eldevik, EllingsøyGult kort: Moldskred, HareidHareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (Fredrik Lonbakken 86)  – Joachim Moldskred, Lars Andreas Dahlen Folkestad, Ørjan Engen Grimstad, Joar Møller (Ola Kalvø Vattøy 70) – Hiwa Alipoor, Kim-Tore Husøy (Benjamin Slettebakk 82), Martin Mork Breivik, Georg Eikrem Olsen – Christer Adrian Mork (Emil Johannes Dahlen Folkestad 81), Marius Rise

Georg Eikrem Olsen feira eitt av sine tre mål saman med Martin Mork Breivik.