– Å få målet, i tillegg til tre poeng er fantastisk, slår Magnus Myklebust fast etter at Hødd slo Strømmen 1–0 på Strømmen stadion. Myklebust fekk ballen servert på sølvfat etter godt forarbeid av Ole Amund Sveen, og gjorde ingen feil då han sende Hødd i leiinga etter om lag 17 minutt.

Myklebust spelte sin første seriekamp for Hødd på 10 år, og han seier Hødd visste at dei gjekk til ein vanskeleg kamp borte mot Strømmen.

– Vi visste at det kom til å bli tøft. Strømmen er eit veldig godt heimelag. Vi har mykje å gå på i spelet vårt, men i dag blir det ein skikkeleg krigekamp.

Før pause viste Myklebust og resten av Hødd-laget ein del av det ein har trent på i løpet av oppkøyringa, med offensive backar, fine kombinasjonar og kjapt spel. Då var laget nære ved å auke leiinga, men i staden tok Strømmen nesten fullstendig over etter pause.

– Vi får litt motvind i den andre omgangen, og når Strømmen pressar oss høgt så klarar ikkje vi å roe ned skikkeleg når vi har ballen. Dei jagar naturleg nok scoring og pressar veldig på, slik at vi ikkje får til vårt spel og ikkje kjem til noko særleg sjansar.

Myklebust summerer kampen med at Hødd visste det kom til å bli ein krig om poenga og at laget kan vere godt nøgde med den første omgangen, samt strålande nøgde med å få med seg tre poeng i den første seriekampen.

Angriparen vart brukt på høgresida i Hødd-angrepet mot Strømmen der han mellom anna hadde fine kombinasjonar med Michael Karlsen. Myklebust legg ikkje skjul på at det gjorde godt å få med seg mål i seriestarten.

– Ja, absolutt, men eg legg meg ikkje nedpå av den grunn. Eg trur alle angriparar tenkjer på å få det første målet, vi vil score mål, slår han fast.

Med tre poeng borte og scoring i første serierunde meiner Myklebust at han og Hødd har fått ein drøymestart på den nye sesongen, men allereie komande måndag ventar nye tøffe oppgåver, då i form av Fredrikstad på nye Høddvoll.

– Vi får med oss sjølvtillit inn i gruppa i dag, men har litt å ta tak i før dei komande tøffe kampane. Eg gler meg til Fredrikstad kjem på besøk. Det er dei kampane ein ser mot, og eg trur ikkje det skal mangle på motivasjonen, fortel Myklebust.