Dei 24217 tilskodarane på Ullevål fekk sjå at cupfinalen starta med eit enormt press frå Tromsø. Nordlendingane kom til fleire store sjansar dei første 20 minutta, og tippeliga-toppscorar Ondrasek var frampå fleire gonger.

Hødd kom likevel meir med når pausen nærma seg. Den største sjansen til blåtrøyene kom etter at Helland kom seg til linja og slo 45 grader ut til Sandal. Avslutninga frå Sandal gjekk like utanfor. Dette skjedde like før pause.

2.-omgang var ikkje like prega av TIL-presset. Men det var likevel nordlendingane som pressa gjennom det meste av omgangen.

I det 62. minutt skjedde likevel det store. Hødd spelte vakkert langs bakken før Erik Sandal spelte gjennom Kjell Rune Sellin. Han gjorde ingen feil åleine med keeper, og sette ballen sikkert bak TIL-keeperen.

Etter målet handla alt om å forsvare leiinga for Hødd. Det lukkast blåtrøyene med lenge, mykje takka vere til meisterleg keeper-spel av Ørjan Håskjold Nyland. I det 74. minutt stilte han opp med ei feberredning etter at Ondrasek heada hardt frå to meter.

Tre minutt før slutt var likevel utlikninga eit fakrum. Ciss fekk ballen mellom dei to stopparane til Hødd, og breisida ballen bak ein sjanselaus Nyland. Dermed var det duka for ekstraomgangar på Ullevål.

Tromsø skapte eit par tre sjansar i ekstraomgangane. Den største kom ved like før slutt. Berre nok ei meisterleg Nyland-redning hindra at Kristiansen vart matchvinnar for Tromsø.

Likevel stod det 1-1 også ved slutten av ekstraomgane, og det var klart for straffekonkurranse. Hødd slo ut både Sarpsborg 08 og FK Haugesund på straffer i årets norgemeisterskap, så det var nok mange som håpte på Hødd-siger etter straffene.

Og det vart det også. Latifu, Heltne Nilsen og Helland skora alle på straffe før Tromsø bomma på si tredje. Sjølv om Hødd vart sett litt tilbake av at Erik Sandal bomma, var alt tilgitt då Ciss, mannen bak 1-1-målet, bomma på den tredje TIL-straffa.

Og då Andreas Rekdal var sikker som banken på den siste Hødd-straffa, var senasjonen eit faktum: Hødd er Norgesmeisterar 2012!

Vi følgte kampen direkte. Sjå live-boksa til høgre. Følg med på Vikebladet.no utover dagen for meir om kampen.