Hareid deltek denne sesongen i Adidas-cup, som er eit uoffisielt NM for 13- og 14-årslag. Hødd deltok i tilsvarande turnering i fjor, med suksess - men er ikkje med i år.

I den innleiande gruppa skal Hareid møte Molde, Aalesund og Træff - og i morgon (søndag) er Molde motstandar på Hareidsmyrane stadion. Hareid skal seinare møte Aalesund 6. april og Træff 26. april. Begge kampane går borte.