- Vi er ei blindgate no. Og den må vi berre kom oss ut av så fort som mogleg. Vi har hatt ein del folk ute som er på veg tilbake. Og det gir meg tru på at vi skal få meir konkurranse om plassane og meir trykk på trening framover. Eg meiner stallen vår er god så lenge folk er friske, seier Eid.

Som ergrar seg over den svært svake starten på kampen mot Kristiansund BK.

- Spesielt dei første 15 minutta var dårlege. Eg har ikkje noko godt svar på kvifor vi starta så svakt. Men det øydela veldig for oss. Og vi kan takke Aslak (Falch) for at vi ikkje låg under med fleire mål. Vi heva oss utover i omgangen. Så fekk dei 0-2 på billeg vis. 2. omgang var i periodar god av oss. Vi kan ta med oss mykje frå den vidare. Og gutane skal ha ros for å ha heva seg mot eit godt lag. Men vi tapte fortent, meiner Sindre Eid.

- Kvifor er Hødd så mykje betre enn borte?

- Eg har ikkje noko godt svar på det. Men no er det heldigvis bortekamp til helga, svarer Eid - halvvegs alvorleg og halvvegs på skjemt.

For innleiingsvis i sesongen var Hødd uheldige som ikkje tok fleire poeng på heimebane. Men no har Hødd tapt tre heimekampar på rad - alle fortent.