På onsdag sørgja ei sktraffeskåring på overtid at Hødd fekk med seg eitt poeng i heimekampen mot botnlaget Sunndal.

Allereie i morgon ventar ei ny utfordring for Hødd-damene når Byåsen gjestar Ulsteinvik. Sist desse laga møttest tok byåsen ein komfortabel 4-1-siger i motsett oppgjer.

Trondheimslaget ligg på ein imponerande 2. plass, med sju sigrar og éin uavgjort så langt.

Trenar Ole Per Kragset trur derimot at dei har moglegheiter til å ta poeng mot opprykkskandidatane, slik dei gjorde i fjor.

– Ja, alt er mogleg i fotball, seier han etter ei kort tenkjepause.

– Vi tok poeng mot dei her i fjor, og det er fullt mogleg å gjere det i år også. Men då må vi unngå balltap i midtbaneleddet, tore å bruke lengderetninga i større grad og så må vi vere meir kontante. Vi vann vel omtrent ikkje ein duell på midtbanen mot Sunndal, held Hødd-trenaren fram.