Pål André Helland vart Hødd sin toppscorar i årets serie med ni nettkjenningar. Vidare på lista kom Erik Sandal og Espen Standal med seks mål kvar. Sivert Heltne Nilsen scora fire gonger. Kjell Rune Sellin og Vegard Heltne tre.

Hødd har spelt 45 kampar totalt så langt i år. Også her er Pål André Helland toppscorar, med 16 mål i serie, cup og privatkampar. Espen Standal og Erik Sandal har scora ni mål kvar totalt, Michael Karlsen åtte. Mykje tyder på at Helland er toppscorar totalt også etter cupfinalen 25. november.

Ørjan Håskjold Nyland og Akeem Latifu har begge spelt 43 kampar så langt i år. Sivert Heltne Nilsen og Akeem Latifu har spelt fleste i serien (29).

Kjelde: Arne Flatin

Les også:

* Nyland årets spelar