Dimna IL avslutta deltakinga si på junior-NM i i friidrett på Bislett med ein bronsemedalje i 1000 m stafett for klassen U23 kvinner. Dimna IL melder på facebooksidene sine at Alice Ulla Berg var uheldig og skada seg i oppvarminga til 200 meteren. Ho måtte også trekke seg frå stafetten. Laget som deltok vart difor Kornelia Roppen, Johanne Rise Kvalen, Anna Kleven og Carolina Amalie Sætre. Samla tid vart 2,22,55.

Stafetten vart vunnen av Steinkjer Friidrettsklubb med tida 2,18,22, medan BUL IL tok andreplassen med 2,19,49.